Skip to main content

Camilla Lou er eit band med opphav i Oslo. Låtskrivar Camilla Skredderberget kjem frå Gol i Hallingdal og skriv tekstar inspirert av kvardagen med alle livets opp- og nedturar. Alle tekstane formidlas på vakker halling-dialekt og akkompagneras av musikk som kan kategoriserast som vise-pop. Bandet såg dagens lys i 2014 og kom våren 2018 med debutsingelen «No må du gje deg». Singelen vart godt mottatt og lista på NRK Buskerud der den kan høyrast framleis. Hausten 2019 kom bandet endeleg med sitt debutalbum «Om me reise». Etter to år med pandemi er Camilla Lou no snart i hamn med album nummer to og gleda seg til å presentere nye og gamle låtar for publikum.

Bandet består av Camilla Louise Økland Skredderberget (vokalist og låtskrivar), Christian Bjotveit Fonneland (el-gitar og akustisk gitar), Tobias Flottorp Heltzer (lap-steel, el-gitar og akustisk gitar), Sverre Undheim (tangentar), Halvor Bekken Aschim (kontrabass) og Konrad Lunde (slagverk).

Leave a Reply